Fritidsfiske
I Vestfold og Telemark har Statsforvaltaren, fylkeskommunen, fleire kommunar, bland andre Seljord, og grunneigarorganisasjonane gått saman om å bygje opp fritidsfiske som verdiskapar i regionen. Gjennom prosjektet «Økt verdiskaping gjennom markedsretta fritidsfiske», utført i perioden 2020-2022 har grunneigarar og tilbydarar av fiske, hytteutleige og andre tilleggstenester fått moglegheit til å få hjelp med å legje sine produkt til sals på nett i store, etablerte sals- og marknadskanalar. Faun Naturforvaltning har hatt prosjektleiinga i samarbeid med Inatur/Fishspot. Resultatet har vore ein god vekst i omsetnaden for både fiske og tilleggsprodukt som hytteutleige. Vestfold og Telemark har i større grad enn resten av landet klart å halde på den auka omsetnaden knytt til fiske i etterkant av pandemien. Om du ynskjer å lese meir om prosjektet, gjennomføringa og resultata, klikk på linken under. Det er ikkje for seint å bli ein del av veksten. Om du ynskjer råd og vegleiing om korleis du kan få dine produkt til sals på Inatur eller Fishspot, ta kontakt med Gudmund Nygaard - rådgjevar jakt og fiske i Inatur, på gudmund@inatur.no.
Link til webdokumentar: https://arcg.is/Su8jO
Fallvilt og ettersøk
Fallvilt er alt vilt som er skada, sjukt eller daudt i naturen. Skada hjortevilt som må avlivast, og hjortevilt som vert felt som skadedyr, er kommunen sin eigedom. Fallvilt av andre artar er det statlege viltfondet sin eigedom. Arbeidet med fallvilt er ei kommunal oppgåve, og kommunen har eigne godkjente ettersøksfolk som tek seg av fallvilt og handterer dette. Oppgåvene til desse er å utføre kommunen sine oppgåver knytt til:
- Fallvilt
- Skada vilt som må avlivast
- Vilt som vert felt som skadedyr
- Kommunen sine oppgåver i høve ettersøk under ordinær jakt
Dyr som kan nyttast til mat, skal godkjennast av Mattilsynet. Kjøtet vert selt til inntekt for viltfondet.
Påkøyrsel av vilt skal varslast til politiet på tlf 02800
Ettersøksavtale:
Ved all jakt på storvilt er det krav om tilgang på godkjend ettersøksekvipasje (hund og førar). Registeret for ettersøkshund, Norsk Kennel Klub, finn du her: https://www.nkk.no/ettersokshundregister/category1160.html
Dersom ein ikkje har tilgang til godkjent hund sjølv eller i eige jaktlag, må ein inngå ettersøksavtale med godkjend ekvipasje. Avtaleskjema finn du her: https://www.miljodirektoratet.no/for-private/jakt-felling-og-fangst/bruk-av-hund-ved-jakt/ettersokshund/
Hjorteviltforvaltning - Målsetting for Seljord kommune 2022-24
Reviderte målsettingar for hjorteviltforvalting i Seljord Kommune 2022 – 2024 blei vedteken i samfunnsutvalet 8.6.2022, samfunnsutvalssak 39/22.
Kommunen skal vedta målsettingar for utviklinga av bestandane (populasjonane) av elg, hjort og rådyr der det er opna for jakt på arten(-ane). Måla skal mellom anna ta omsyn til opplysningar om beitegrunnlag, bestandsutvikling, skadar på naturmangfaldet, jord- og skogbruk og omfanget av viltulykker på veg og bane, jf § 3 i Forskrift om forvaltning av hjortevilt.
Dei kommunale måla skal vere eit grunnlag for valda og grunneigarane si forvalting av viltet.
I Seljord er hjorteviltforvaltinga delt på 4 vald; Åmotsdal, Flatdal, Seljord Aust og Seljord Vest. Valda sender inn bestandsplanar som regulerer avskytingsprofil, og desse skal samsvare med dei kommunale målsettingane. Bestandsplanane godkjennast av kommunen.
Kommunale målsettingar for hjorteviltforvaltning, 2022-24, Seljord kommune
Kontaktperson i kommunen:
Merète Trangsrud
Konsulent Motorferdsel og vilt
Tlf: 97 04 40 23
merete.trangsrud@seljord.kommune.no
Bandtvang
Lovdata seier:
«Reglene om båndtvang er fastsatt i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6. Den enkelte kommune kan i tillegg etter nærmere gitte kriterier gi egne forskrifter om båndtvang. Dette gjelder blant annet turstier og veier, skiløyper, idrettsanlegg og leir- og rasteplasser. Kommunen kan også gi forskrifter om hundehold av hensyn til alminnelig ro og orden og for å motvirke forsøpling. Disse forskriftene kan finnes ved å søke på Lokale forskrifter og se på den aktuelle kommunen. Hundeloven § 9 inneholder unntaksbestemmelser fra båndtvangsbestemmelsene.»
Observasjon av rovdyr
Observasjonar av rovdyr og skader på bufe - rapporter til Statens naturoppsyn ved regional rovviltansvarleg:
Øyvind Fosse, tlf. 481 48 405, epost: oyvind.fosse@miljodir.no
Naturskade
Er du ramma av naturskader på bustad og eigedom? Det finst gode ordningar for skader grunna flaum, storm, ras o.l., men det er ikkje alltid så lett å finne ut av dei, særleg ikkje når skaden alt har skjedd.
"Statens naturskadeordning" kan dekke skader det ikkje er mogleg å forsikre gjennom ei privat forsikringsordning. Private eigarar, tomtefestarar, veglag og organisasjonar kan få naturskadeerstatning. Merk at søknadsfristen er tre månadar etter at skaden skjedde.
På lenkene under vil du finne informasjon om ulike ordningar rundt naturskadeerstatning. Vi legg og ut lenker til sider der innbyggjarane kan få gode råd og tips for å forhindre større skader, og for kva ein skal gjere når uhellet er ute.
Revisjon av konsesjonsvilkåra for Sundsbarmreguleringa
Dei berørte kommunanen vil stille krav om revisjon av Sundsbarmkonsesjonen. Konsesjonen er nå 50 år gamal og det er høve til å krevje revisjon frå 2013.
Konsesjonsdokumentet av 5. juli 1963.
Høyringsuttalene i samband med revisjonen
1. Lokale dokument i samband med revisjonen:
- Krav om opning av revisjonssak for Sundsbarm kraftverk - FAUN-rapport 039-2013
- Brev av 16.05.2104 frå NVE til Sundsbarm kraftverk
- Innkomne uttaler og innspel per 18. april 2013
- Referat frå folkemøte i Langlim 28.2.13
- Referat frå folkemøte i Seljord 20.2.13
- Referat frå folkemøte i Morgedal 19.2.13
- Revisjon av konsesjonsvilkår Morgedalsåi
- Referat frå folkemøte i Høydalsmo 13.2.2013
- Innkalling til folkemøte
- Sjekkliste vilkårsrevisjon
- Møtereferat 11.01.2013
- Møtereferat mellom kommunane 17.12.12
- Standardvilkår naturforvaltning
- Oppsummering til vassregionen
- NINA Rapport 1233 Revisjon av Sundsbarm kraftverk
- Invitasjon til synfaring september 2019
- Kommentar fra Skagerak Energi til høring...
- Kommunestyresak 88 i 2019
- Kopi av brev til NVE frå Sigmund Telnes mfl 6.okt. 2019
- Kopi av brev til Sigmund Telnes frå Sundsbarm...
- Redningsaksjonen for storørret i Seljordsvatnet
- Sundsbarmkonsesjonen - forlenging av....
- Svar frå NVE om forlenging av svarfrist...
- Vedrørende revisjon av konsesjonsvilkår for....
- Vilkårsrevisjon Sundsbarmvassdraget og ....
- Handsaming i kommunestyret 12.1.2.2019
2. Nasjonale lenker og dokument i samband med revisjonar generelt:
- Olje- og energidepartementet om vilkårsrevisjon
- Olje- og energidepartementet: Retningslinjer for revisjon av konsesjonsvilkår for vassdragsreguleringer
- LVK sine sider om vilkårsrevisjon (LVK er Landsamanslutninga av vassdragskommunar)
- Sundsbarmvassdraget vilkårsrevisjon
Nyttige lenker
- Fishspot Telemark informasjon til aktørane
- Naturskadeordningar frå Landbruksdirektoratet
- Naturskader og erstatning
- Norsk naturskadepool
- Brattefjell-Vindeggen
- LVK
- Vann-nett
- Retningsliner for motorferdsel i utmark
- Kommunale målsettingar for hjorteviltforvalting i Seljord kommune
- Miljødirektoratet - Klimagassutslipp statistikk kommuner og fylkeskommuner
- Avfallshandtering
- Norges vassdrags- og energidirektorat
- Kva gjer du viss du har sett eit skred eller vatn på avvegar - lenke til NVE
- Norsk friluftsliv - Bålreglar i Norge
- Miljødirektoratet - Om reglar for tenning av bål
- Elgen i Telemark - Elgbeitetaksering i Telemark 2019 - Faun-rapport