Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er helsehjelp som vert gitt som ei heimeteneste. Du kan søke om slik heimeteneste viss du til dømes treng hjelp til medikamenthandtering, sårbehandling, personleg stell, opptrening og helserettleiing.

Heimehjelp

Du kan søkje om heimehjelp dersom du treng praktisk hjelp til reingjering, vask av klede og handling av hushaldsvarer.

Det er tenestekontoret som i samarbeid med deg avgjer kva for tenester du skal få. Målet er at du skal få den hjelpa du treng for å vera i stand til å bu heime.

Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er ei tidsavgrensa, intensiv og målretta rehabilitering i heimen og nærmiljøet, retta mot personar som har opplevd eit funksjonsfall eller er nyopererte.

Hjelpemiddel

Har du særlege behov eller har vore operert eller utsett for skade eller sjukdom, kan du få låne tekniske hjelpemiddel.
Seljord kommune har hjelpemiddel til kortvarige utlån. Utlån blir formidla via heimetenestene.
Dersom ein skal låne hjelpemiddel utover 3 månader, må ein søkje via kommunefysioterapeuten eller hjelpemiddelansvarleg i heimesjukepleia.

Opplæring i bruk, montering og eventuell reparasjon av hjelpemiddel, vert utførd av servicemedarbeidar i kommunen i samarbeid med hjelpemiddelansvarlege.

Middag til heimebuande

Bur du heime og har problem med å få laga middag til deg sjølv, kan du søke om å få middag levert heim til deg.

Middagane blir laga på produksjonskjøkkenet på Dyrskun, og vert køyrd ut ein dag i veka. 

Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er teknologiske løysingar som bidreg til auka tryggleik og evne til å klare seg sjølv i kvardagen, trass i sjukdom og nedsett funksjonsevne.
Døme på dette er stasjonær tryggleiksalarm, elektronisk medisindispenser, digitalt tilsyn og teknologiske løysingar knytt til sjukesignalanlegg.   

Bruk av slik teknologi kan gje betre tenester for personar i alle aldersgrupper med nedsett funksjonsevne, eldre som bur heime og bebuarar på bu –og servicesenter.

Velferdsteknologi er ikkje ei lovpålagd teneste. Bruk av velferdsteknologi er gratis for deg dersom teknologien erstattar helsehjelp.

Tannhelsetilbod for eldre, langtidssjuke og uføre i heimetenesta

Etter tannhelsetjenestelova har eldre, langtidssjuke og uføre som har eit regelmessig og oppsøkande helsetilbod i heimen frå kommunen si helsetenesteavdeling, rett til gratis tannbehandling.

Det er kommunen som er ansvarleg for at pasientar med ein slik rett, blir informert og eventuelt vist vidare til den offentlege tannhelsetenesta

Det knytter seg dessuten krav om at kommunens helsetilbud i hjemmet minimum må være ukentlig og ha en varighet på mer enn tre måneder.
Tjenesten gjelder ikke for brukere som kun har hjemmehjelp.

Dersom du oppfyller kravene har du også rett på taxi ved å betale en egenandel.

Kontaktpersonar:

  • Einingsleiar for Open omsorg: Sigrid Kleivi Berge, tlf. 35 05 84 09 / 97 60 49 02
  • Assisterande einingsleiar / demenskontakt: Torunn Reinstaul, tlf. 95 89 10 03
  • Hjelpemiddel hørsel: Liv Boyesen, tlf. 35 05 84 00 / 97 54 22 80
  • Hjelpemiddel syn: Ragnhild Skrede, tlf. 35 06 52 50
  • Hjelpemiddel bevegelse: Ragnhild Skrede, tlf. 35 06 52 50
  • Kreftomsorg: Anne Gry Tveito Særsland og Ida Standeren Heggtveit, tlf. 95 89 10 03