Jordmorvakta i Seljord
Jordmorvakta er eit bindeledd mellom kommunane og Sykehuset Telemark.
Det er alltid ei jordmor på vakt på telefonnummer 35 02 16 24 (heile døgnet). Du kan ringe jordmorvakta i svangerskapet, ved fødsel og i barseltida. Dette kan for eksempel gjelde blødning i svangerskapet, lite liv, vassavgong, rier, brystbetennelse eller andre spørsmål som ikkje kan vente. Besøksadressa til jordmorvakta i Seljord er Jakob Naadlandsveg 28. Ring alltid før du kjem, i tilfelle jordmor er ute på oppdrag.
Skulle du av ei eller annan grunn ikkje få kontakt med jordmorvakta, ring sentralbordet ved Sykehuset Telemark (35 00 35 00) eller direkte til fødeavdelinga (35 00 47 64). Jordmor i Seljord, Miriam Thorkildsen Schade, er også ei av vaktjordmødrene på jordmorvakta.
Oppfylgjing hos jordmor på helsestasjonen
For oppfylgjing i svangerskapet tek du kontakt med jordmor på helsestasjonen i kommunen du bur i. Alle dei oppgjevne telefonnumra er til jordmødrene sin arbeidsmobil, og du vil få svar når jordmor er på jobb. Avdelingsleiar for Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark er Helene Mølster Byggland.
Fyresdal kommune | Ågot Takle, mobil 904 17 157 / 401 77 525, Fyresdal helsestasjon, Landstadvegen 35 |
Kviteseid kommune | Merete Kaste, mobil 905 94 651, Kviteseid helsestasjon, Granlivegen, 1A |
Seljord kommune | Mirjam Thorkildsen Schade, mobil 905 98 106, Seljord helsestasjon, Ingrid Slettensveg 16 |
Vinje | Helene Mølster Byggland, mobil 409 07 794, Vinje helsestasjon, Vinjevegen 192 |
Jordmorvakta i Seljord | Sissel Aardalen Brekke, mobil 994 01 860, Jakob Naadlandsveg 28 |
På svangerskapskonsultasjonene vil jordmor mellom anna:
- Fylle ut helsekort for gravide
- Kartlegge og rettleie i høve til levevanar og trivsel for mor og barn
- Rekvirere aktuelle prøver og henvise deg til ultralyd
- Måle blodtrykk, sjekke urinprøve og måle vekt
- Lytte til fosteret sine hjarteslag og måle korleis magen veks
- Gje informasjon om amming, fødsel og barseltid
- Tilby erklæring av farskap