Her vil vi leggje ut nyttige lenker for deg som er ny i kommunen. Det kan vere informasjon om bustader, tomter, skule og barnehage.
Vi håpar du finn nyttig informasjon på heimesidene våre. Ta kontakt med kommunen om du lurar på noko.
Vi håpar du finn deg til rette her, og at du vil trivast!
Seljord er ein kommune med aktivt og variert kulturliv. Kommunen har og fantastisk natur som gir rom for aktivitet og friluftsliv heile året. Dyrsku'plassen er utgangspunkt for folkeliv og aktivitet med vårfestival, musikkfestivalar om sumaren og Dyrsku'n i september!
Seljord kommune har eiga Facebookside der vi legg ut informasjon om arrangement, aktivitetar og nyheiter frå kommunen. Den rår vi innbyggarane våre til å fylgje.
Vi har og på framsida av nettsidene våre ein arrangementskalender. Der finn du informasjon om arrangement i Seljord, men og i resten av Vest-Telemark.