Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Klage på barnehagetilbod

Er du ikkje nøgd med tilbodet i barnehagen?

For at det skal være best mogleg samarbeid mellom heim og barnehage bør ein forsøke å løyse alle tilbakemeldingar i næraste ledd. 

Dersom det gjeld generelle forhold i barnehagen, kan ein ta opp saker med samarbeidsutvalet (SU) i barnehagen. Alle barnehagar skal ha eit samarbeidsutval som består av representantar frå føresette og personale i barnehagen.

Kommunen har tilsynsansvar for både private og kommunale barnehagar. Statsforvaltaren er siste klageinstans.

Dersom du ønskjer å gå vidare med din klage eller uro kan du ta kontakt med barnehagemynde i Seljord kommune.

Kontakt

Ida Wang

Barnehagemynde

Telefon: 350 65 122

E-post: ida.wang@seljord.kommune.no