Landbruk

Jordbruket i kommunen er svært variert med store samanhengande jordbruksområde i Flatdal og med særs verdfullt kulturlandskap i fleire delar av kommunen. 
Seljord har et totalt skogareal på 581.000 daa,av dette er 211.207 daa er definert som produktiv skog. Viktige kulturlandskapsområde av høg nasjonal verdi, blant anna: Svartdalsområdet, Lisidene i Flatdal, Dyrlandsdalen, Skorigrenda i Åmotsdal, Langlim og Brekkegrenda mot Øvre Bø.

Utvalt kulturlandskap Hjartdal og Svartdal, inkl. retningsliner og rettleiing for tilskot.

Vi har 51 Utvalde kulturlandskap i Noreg. Eitt av desse er Hjartdal og Svartdal i Vestfold og Telemark. Det kom på lista i 2017. 

Bygningsrapport for gardsbruka i Svartdal

Frå 2020 vart ordninga og ansvaret med utvalde kulturlandskap overført til kommunane. 
Regelverket er utarbeidd på grunnlag av Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, FOR-2019-12-18-2024

   

Retningsliner og rettleiing for tilskot til Utvalt kulturlandskap – Hjartdal og Svartdal 2024

 

Vi har 51 Utvalde kulturlandskap i Noreg. Eitt av desse er Hjartdal og Svartdal i Vestfold og Telemark. 

Regelverket er utarbeidd på grunnlag av Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, FOR-2019-12-18-2024

Føremålet: 

Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å bidra til å sikre verdiar knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, og med dette sikre langsiktig skjøtsel og drift, jf. § 1 i forskrifta.

Kva for område gjeld ordninga for:

Forskrifta gjeld det utvalde kulturlandskapet Hjartdal og Svartdal slik det er merka av i forvaltingsplanen for området og i www.naturbase.no, jf. § 2 i forskrifta.  

Kven kan søkje: 

Alle som har eigedom og interesser innanfor avgrensinga t.d. grunneigarar, drivarar, hytteeigarar, lag og organisasjonar som medverkar til å nå måla i forvaltingsplanen og eventuelle skjøtselsplanar, kan søkje. 

Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar eller andre rettshavarar.

Det kan søkjast om tilskot til:

  1. Kulturlandskap

Eks. Rydding av vegetasjon, oppsett av gjerder, digitale gjerder, slått og beiting av verdifulle areal.

2. Biologisk mangfald

Eks. Restaurering og skjøtsel av hole eiker, slåttemark, slåttemyr, trua naturtypar, fjerning av framande arter, tiltak for pollinerande insekt. Ta vare på arter på norsk raudliste i jordbrukslandskapet. 

3. Kulturminne og kulturmiljø

Eks. Rydding rundt freda kulturminne, istandsetting og vedlikehald av freda og verneverdige bygg, steingjerde, bakkemurar, rydningsrøyser og allear. 

4. Ferdsel og friluftsliv

Eks. Etablering og istandsetting av turstiar i jordbrukslandskapet inkl. portar og gjerdeklyv, skilting og merking.  Hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrringar på plante- og dyrelivet og øydeleggingar av kulturminne og kulturmiljø.

5. Planlegging, kartlegging og dokumentasjon

Eks. Utarbeide og revidera forvaltningsplanar og skjøtselsplanar. Registrering og utarbeiding av tilstandsrapportar. Møter, samlingar og fagdagar.

6. Andre næringsretta tiltak

Eks. Lokal verdiskaping, mat og opplevingar, drift av seter, ryddeaksjonar, investeringar i driftsbygning, maskinar og utstyr. Utvikling av eksisterande verksemder

7. Formidling

Eks. Skilting og profilering, slåttedagar, fagdagar, kurs, undervisningsopplegg, brosjyrar, bøkar og nettsider.   

 

Tiltak som er starta eller ferdig, vil normalt ikkje få tilskot.

 

Tilskotsramme for UKL Hjartdal og Svartdal 2024:

UKL Hjartdal og Svartdal har ei totalramme på kr 880 000 for 2024. 

Det er sett av pengar til fellestiltak slik i 2024: 

  • 100.000 kr til møte, samlingar, administrasjon, formidling, styrearbeid. 
  • Dei resterande 780.000 kr er sett av til tiltak du kan søkje på. 
  • Av dette er omlag 75.000 kr sett av til digitale gjerder for dyr, som beiter heile sesongen i UKL-området.
  • Andre tiltak som er prioritert i 2024 er tiltak som fremjar biologisk mangfald, informasjonsopplegg for born og unge og tiltak til næringsutvikling.  
  • Du er velkomen til å søkje på alle tema og tiltak som fremjar verdiane i kulturlandskapet.

 

Korleis søkjer du og kva vilkår gjeld:

Landbruksdirektoratet lanserte i 2023 nye søknadsskjema for Utvalde kulturlandskap. Du logger som vanleg inn via Altinn.no. Pass på å velje rett rolle i Altinn. Legg ved kart som syner kor tiltaket skal gjennomførast, og bilde av arealet eller objektet.

Du må, ved registrering av ny søknad, velja kva type søknad som skal sendast. Det kan søkjast på eingongs-/ investeringstiltak eller drift/årleg tiltak. Ta kontakt med Helle eller Maria dersom du treng hjelp til å søkje. 

 

Søknadsfrist er 1. mai 2024

Rettleiande satsar for eigeninnsats:

Manuelt arbeid                                                                               kr 300 pr. time 

Ryddesag, motorsag, tohjulsmaskinar ol                                     kr 400 pr. time

Traktor m/førar                                                                               kr 500 pr. time

Sats for bordgjerde, inkl. arbeid og materialar                            kr 175 pr. meter 

Utlegg som ikkje kan dokumenterast med kvittering/bilag og/eller timelister blir ikkje godkjent.

 

Kontaktpersonar:

Maria Dyrland Fremmerlid, e-post: maria.fremmerlid@seljord.kommune.no – mob.nr. 905 76 541

Helle Kristin Solberg, e-post: helle.solberg@hjartdal.kommune.no – mob.nr. 951 42 331

Velkomen som søkjar!