Lov om barnehagar ligg til grunn for barnehagemynda si utøving av myndigheit. Kommunen er lokal barnehagemynde og skal sjå til at barnehagane følgjer regelverket.
Barnehagemynde har tre verkemiddel til disposisjon: rettleiing, tilsyn og godkjenning.
Barnehagemynda har som oppgåve å fatte vedtak om godkjenning av barnehagar, behandle søknader om dispensasjonar, finansiere private barnehagar samt andre myndigheitsoppgåver som følgjer av barnehagelova med forskrifter.
Barnehagemyndas rolle
For å sikre rettstryggleiken til alle barnehageeigarar i Seljord kommune og sikre legitimiteten av arbeidet, er kommunens eigarrolle i barnehagesektoren åtskilt frå myndigheitsrolla.
Les meir på UDIR.no – Kommunens rolle som barnehagemyndighet
Kontakt
Ida Wang
Barnehagemynde
Telefon: 35 06 51 22
E-post: ida.wang@seljord.kommune.no