Kommunane Nissedal, Fyresdal, Kviteseid, Seljord og Tokke samarbeider om ei interkommunal psykologteneste. Funksjonen blei oppretta i 2019, med barn og unge (0-23 år) som fokusområde. Psykologtenesta består av to kommunepsykologar som er organisert i eit team.
Psykologtenesta skal ivareta arbeidsoppgåver på fleire nivå. Sentrale arbeidsområde er helsefremjande og førebyggjande arbeid, planarbeid, kompetanseutvikling og å medverke til samordna tenesteutvikling i dei fem kommunane. Psykologane rettleier og gjev fagstøtte til fagpersonar som treff barn og unge, og er med i tverrfagleg arbeid i dei ulike kommunale tenestene. Nokre gonger treff dei også barn, unge og føresette direkte, til rettleiing, oppfølging og lågterskelbehandling.
Kommunepsykologane har hovudkontor i Seljord, Brøløsvegen 13 A. Dei disponerer kontor på helsesentra i dei andre kommunane og arbeider etter behov derfrå.
Spørsmål til kommunepsykologen blir retta gjennom kontakt med helsepersonell som arbeider med barn og unge i kommunen.
Spørsmål til kommunepsykologen blir retta gjennom kontakt med helsepersonell som arbeider med barn og unge i kommunen
Psykologane:
Henrik Eriksen
Marika Alva Bjørge