- Nye plassar og endring av plass ved hovudopptaket gjeld frå skulestart i august. Vi tek ikkje opp nye barn etter 1.mai.
- Etteropptak blir gjennomført viss det er ledig kapasitet i barnehagane, og viss det blir frigjort plassar i løpet av barnehageåret. Søkarar som kjem inn etter hovudopptaket får tilbod om å stå på søkarliste viss det ikkje er kapasitet til nye opptak.
- Ved hovudopptaker gir kommunen primært berre plass til barn som har rett til barnehageplass etter barnehagelova, det betyr dei barna som har fyllt eit år innan utgangen av november, eller har rett til plass etter lov om barnevernstenester eller har nedsett funksjonsevne.
- Vi oppfordrar likevel til å søke om plass og bli sett på søkarliste sjølv om du ikkje kjem innanfor retten til barnehageplass. På den måten har vi oversikt over behovet, og kan fortløpande ta opp etter søkarlista viss det blir frigjort plassar.
- Det er ein månads oppseiingsfrist.
- Du vil berre kunne søke gjennom Foreldreportalen, Visma for ny plass, endring av plass, og overføring til annan barnehage. Viss du treng hjelp til å søke elektronisk, kan du få hjelp i barnehagen eller på kommunehuset.
- Alle må svare skriftleg på om dei tek imot plass, endring av plass o.l. Det skal skje i Foreldreportalen
- Oppseiingar må og vere skriftleg. Det skal og skje i Foreldreportalen. Hugs at det er ein månads oppseiingsfrist
Søke barnehageplass
Søknadsfrist for å søke om ny barnehageplass eller endring av plass ved hovudopptaket er 1.mars. Barn som har fått plass i barnehagen, har denne fram til dei startar på skulen. Ein treng ikkje søke på nytt anna enn viss ein ynskjer å søke om endring av plass.
Du søker om ny plass, endring av plass, og oppseiing av plass gjennom Foreldreportalen, Visma
Hugs å svare på tilbod om ny plass, endring av plass eller byte av barnehage. Du kan svare i Foreldreportalen
Seljord kommune tilbyr 3-, 4- og 5-dagars plass.