Kart og oppmåling
Seljord kommune har dei siste åra hatt eit gjennomsnitt på ca. 50 – 60 nye oppmålingssaker i året. Ei frådelingssak kan ha fleire ”milepælar” som er med på å gjere at sakshandsamingstida kan virke lang. Dette gjeld m.a. uttale hjå vegmyndigheit og fylkesmannen, handsaming i planutvalet, naturgjevne forhold som vinter med mykje sno, så det er ikkje slik at samla medgått tid heilt og halde er i sakshandsamars sine hender.
Seljord kommune disponerar moderne GPS/Glonass satellitt landmålingsutstyr frå Topcon til å utføre landmålingsarbeid med.
I tillegg har kommunen eigen totalstasjon.
Kommunen har heildekkande digitale kartdata som ein kan få innsyn i ved å bruke kartportalen i Vest-Telemark.
Stadnamn
Seljord kommune har gjort vedtak om skrivemåten av stadnamn.