Tilbod

Alle i Seljord kommune i alle aldrar, kan få tilbod om fysioterapi.

  • Behov  for hjelp etter henvisning frå fastlege eller sjukehus
  • Behov for hjelp i forhold til muskel/skjelettlidingar
  • Behov for opptrening/rettleiing etter skade og /eller operasjon
  • Behov for hjelp før operasjon, t.d. hofteoperasjon

Grupper

Ulike tilbod om gruppetrening. For å vere med på ulike grupper, kan du vende deg til fastlege eller kommunefysioterapeuten

  • Balansegruppe. Førebyggje fall, styrketrening
  • Bassenggruppe. For dei som av ulike årsaker har vanskar med å trene vanleg
  • Avspenningsgruppe
  • Fredagstrim for bebuarar på Nesbukti
  • Friskliv og meistring (grupper både ute og inne heile året)

Samarbeid

Fysioterapitenesta samarbeider med:

  • Heimesjukepleia. Kvardagsrehabilitering
  • Nesbukti pleie-og omsorgsenter
  • Heddeli bu - og servicesenter
  • Steinmoen bu - og servicesenter
  • Legane
  • Helsestasjonen
  • Barnehagane
  • Skulane

Foreldre som ynskjer ei samtale om barnets motoriske utvikling kan ta kontakt. Vanlegvis blir barn som treng noko ekstra henvist frå fastlege, helsestasjonen eller 2.linetenesta (sjukehus, HABU m.fl.)