Oversikt og informasjon over byggereglar
Her finn du òg ein oversikt over byggereglane, og mykje nyttig informasjon når du skal byggje sjølv. Her er vegvisarar som hjelper deg å finne ut om ditt planlagte prosjekt er unntatt eller ikkje, og kor stort du evt. kan byggje på din eigedom. Sjølv om det for unntaka ikkje er krav om nabovarsling, vil vi anbefale at det alltid tas ein prat med naboar for å hindre konflikter, misforståelsar eller overtramp av privatrettar.
Eksempel på slike tiltak kan vere
- Mindre frittliggande bygning som oppføras på eigedom aom allereie er bebygd med bustadhus og som ikkje skal brukas til bebuelse.
- Tilbygg som ikkje inneholder rom til varig opphald eller bebuelse (dvs. ingen form for innbygde rom, verken kjøkken, stue, soverom, våtrom, arbeidsrom, entrè, gang, e.a). Tilbygget kan vere f.eks. terrasse, åpent overbygd inngangsparti, enkelt takoverbygg med understøtting, søppelskur, ved- eller sykkelbod.
- Mindre frittliggande byggverk inntil 15 m2 knytta til jordbruks-, skogbruks- og reindriftsområde
- Mindre tiltak i eksisterande byggverk
- Mindre tiltak utandørs
- Fasadeendring som ikkje fører til at bygningens karakter endras, samt tilbakeføring av fasade til tidlegare dokumentera utføring. Merk at nokre bygningar kan vere verna eller verneverdige. I slike tilfelle er det alltid søknadsplikt og Telemark fylkeskommunen ved kulturminnevern må kontaktast
Lov og forskrift
Sjå Plan -og bygningslova (PBL) § 20-5 og byggesaksforskrifta (SAK10) § 4-1 for utfyllande informasjon.
Det er viktig å merke seg at sjølv om det er unntak for søknadsplikt gjeld alle krav i Plan- og bygningslova med tilhøyrande føresegner fullt ut, og det er tiltakshavar sjølv som vil vere ansvarleg for at tiltaket tilfredsstiller gjeldande krav. Tiltakshaver vil også vere ansvarleg for å kontrollere at tiltaket er i tråd med gjeldande kommuneplan/reguleringsplan for eigedommen, og for at tiltaket ikkje er i strid med ana regelverk (som veglova eller jernbanelova).
Når tiltaket er ferdig
Når tiltaket er ferdig, er det for bygningar og tilbygg eit krav om at det sendast inn ei melding til kommunen. Dette er for at kommunen skal kunne halde eit oppdatera kartverk over alle bygningar. Meldeskjema (blankett 5188) finnas på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet.
Meldeskjemaet som skal sendast inn skal innehalde:
- Informasjon om bygningens areal (BRA og BYA)
- Dato for når tiltaket var ferdig
- Kart som viser kvar bygget er plassera og kor mange meter det er til nabogrense/andre bygningar
- Det bør i tillegg leggjast ved teikningar (plan, snitt og fasade)