Liv og røre i Seljordskulen
Liv og røre i Telemark skal bidra til betre læring, trivsel og helse for barn og unge i skolar og SFO. Det handlar om fysisk aktivitet i fag, sunne og inkluderande måltid og haldningsarbeid.
Liv og røre i Telemark byggjer på den forskningsbaserte Active Smarter Kids (ASK), ein modell for fysisk aktivitet i fag som eit metodeval og ein variasjon i undervisninga.
I tillegg byggjer den på Helsedirektoratets nasjonale faglige retningslinje for mat og måltider i skolen. Den seier både noko om gjennomføringa av skulemåltidet og om ernæringskvaliteten i mat og drikke. Haldningsarbeid i samarbeid med tannhelsetenesta og skulehelsetenesta er også ein del av Liv og røre, og vi har etablert eit godt samarbeid lokalt, der og Folkehelse og folkehelsekoordinator er involvert.
Gjennom prosjektet for alle som arbeider i skulen, lærarar, assistentar, SFO mykje opplæring i korleis gjere undervisninga meir fysisk aktiv. Dessutan får tilsette som arbeider med SFO og kantine opplæring i sunn mat og gode måltider.
Kvar skule har ein ressurslærar som leier arbeidet ved eigen skule.
Føresette vil bli involvert gjennom foreldremøte og samarbeid med skulehelsetenesta.