Klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon og tap av sau på beite - erstatning
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Du kan søkje om erstatning for produksjonssvikt som er forårsaka av klimatiske forhold.
Ved klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon kan det gjevast erstatning ved- avlingssvikt
- svikt i honningproduksjonen.
Erstatningsordningane har som føremål å redusere økonomisk tap som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.
Klimatiske forhold kan vere
- tørke
- store nedbørsmengder
- flaum
- frost
- dårleg blomstring for honningproduksjon.
Målgruppe
Landbruksføretak som
- er registrerte i Einingsregisteret
- driv vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar.
Kriterium/vilkår
Ordninga gjeld dersom:- Skadane er grunna klimatiske forhold (vêret) som det ikkje er mogeleg å teikne privat forsikring mot.
- Føretaket driv sin fagleg forsvarleg, og hindrar og avgrensar skadane.
-
Produksjonen må vere mindre enn 70 % av gjennomsnittsproduksjonen per biekube.
-
Du gir umiddelbar melding til kommunen om skaden.
-
På skadetidspunktet må du ha oppfylt vilkåra for å få produksjontilskot.
Pris for tenesta
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Samarbeidspartnarar
- Lover og forskrifter
-
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Før du søkjer må du melde frå til kommunen om det som har skjett. Meld frå så fort du kan, men seinast innan 15. september. Deretter søkjer du om erstatning. Du søkjer om erstatning ved å fylle ut eit skjema frå Landbruksdirektoratet som du sender til kommunen. Fristen for søknad om erstatning er 31. oktober den året svikta oppstod.
Skjema
Erstatningsordningane i landbruket
Melding om produksjonssvikt (Altinn)Søknadsfrist
Erstatning ved skadar i plante- og honningproduksjon:- ved avlingssvikt, 31. oktober det året skaden har oppstått
- ved svikt i honningproduksjon må du melde frå før slynging og seinast innan 15. september.
-
Saksbehandling
Saksbehandling
Kommunen skal uttale seg om søknaden før saka blir sendt til statsforvaltaren, som avgjer saka.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom statsforvaltaren lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Landbruksdirektoratet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2019-09-01 18:15