Det er no etablert anonym ruskontakt i Seljord kommune. Ruskontakten i Seljord kommune skal ta imot samtalar, drøfte bekymring og gi informasjon om relevante hjelpetiltak knytt til rusrelaterte utfordringar.  

Har du behov for å snakke om utfordringar kring eiget rusbruk, eller er du kanskje bekymra for nokon du kjenner? Med ruskontakten har du moglegheit til å drøfte situasjonen anonymt og få informasjon om kva som finst av ressursar og hjelpetilbod.   
 
Ta kontakt med Sveinung Gåra eller Maria De Lange Sødal. Dei er begge tilsett ved avdeling for psykisk helse og rus. Sveinung jobbar mest retta mot ungdom, og Maria mest mot vaksne – men du kan ringe begge uavhengig av kva og kven det gjeld.   
 
Sveinung Gåra  
480 33 723 
sveinung.gara@seljord.kommune.no           
 
Maria De Lange Sødal  
480 56 352  
maria.sodal@seljord.kommune.no