Søk plass
Søk moderasjon
Skjema
- Motorferdsel i utmark og vassdrag
- Motorferdsel i utmark og vassdrag
- Motorferdsel i utmark, skjema for legerklæring PDF
OBS! Vi gjer merksam på at vi ikkje har snøskuterløyper i Seljord kommune.
Lokale forskrifter:
Snøskuterar og motorkøyretøy
Skal du bruke motorkøyretøy eller luftfartøy i utmark til føremål som ikkje er offentleg kjende nytteføremål, må du søkje kommunen om løyve. Turkøyring kan skje i fastsette snøskuterløyper til slikt føremål.
Vannskuter og andre motorfartøy
Vannskuterar er i utgangspunktet tillate i innsjøar større enn 2 kvadratkilometer, på elvestrekningar og på innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer dersom desse går inn som ein del av eit farbart vassdrag. Men kommunen kan avgrense bruken.
Når kommunen vurderer opning for ferdsel, anten gjennom forskrift eller vedtak, er det omsynet til naturen, verneområde, hekkeområde, terrenginngrep, støy og ulempe for friluftsliv som skal liggje til grunn for vedtaket.
Sjå blant anna naturmangfoldlova § 7 og småbåtlova §§ 38, 39 og 40.
Kommunen (eller statsforvaltaren) gjev informasjon om kva som er tillate etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Søknaden om dispensasjon må vere skriftleg. Behovet må vere dokumentert og innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.
Søknaden må sendast i god tid.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.