Den vesle bygda Seljord ligg vest i Telemark, midt mellom fjell og vakker natur. For natur- og friluftsinteresserte byr bygda på badestrender og turterreng i skog og fjell. Seljord er handelssenteret i Vest-Telemark og eit trafikknutepunkt mot både Oslo, Bergen, Grenland og Torp.
Bygdeutviklar
Kristine Kleiv er tilsett i Møtestad Seljord som bygdeutviklar for Seljord kommune, og skal gjennom eit toårig prosjekt synleggjere Seljord sine eigenskapar og unike kvalitetar som heim- og arbeidsstad. Alt frå naturopplevingar, tilbod om bustad og arbeid, fritidsaktivitetar og kommunale tilbod kan ein spørje bygdeutviklaren om.
Kontaktinformasjon:
Kristine Kleiv
Mobil: 97 77 38 40
E-post: kristine@bygdeutviklar.no
Facebook