Kontingentkassa
Seljord kommune har etablert ei tilskotsordning kalla Kontingentkassa.
Søknader vil bli handsama fortløpande (ingen søknadsfrist), og midlar blir fordelt til kassa er tom.
Ordninga er for barn og unge i alderen 6 år til dei er ferdige med vidaregåande skule, og som er del av familiar med låg inntekt. Støtta skal gå til kontingentar, aktivitetar og utstyr til enkeltpersonar slik at barn og unge, uavhengig av foreldra sin inntekt, kan delta på organiserte fritidsaktivitetar.
Du finn søknadsskjema på skjemasida vår.
Meir informasjon om ordninga finn du saman med søknadsskjema under Søknadsskjema kontingentkasse
Kulturmidlar til frivillige lag, foreiningar og organisasjonar
Seljord kommune gjev tilskot etter søknad for drift og administrasjon av frivillige lag, foreiningar og organisasjonar, støtte til løypekjøring og til 17.mai komitear. Kontaktperson for denne ordninga kultursjef Asbjørn Storrusten, e-post; as@seljord.kommune.no / tlf; 917 95 785.
Søknadsfristen er 1. april. Søk kulturmidlar her