Psykiske helsetenester
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Dersom du har psykiske vanskar eller lidingar, har kommunen ulike tilbod som skal styrkje evna di til å meistre livet. Det kan vere hjelp til å finne sosiale aktivitetar, råd og rettleiing både til deg og dei pårørande, samtalegrupper og anna.
Kriterium/vilkår
Det er behovet ditt som avgjer om du vil kunne få tenesta.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten
Hjelpetilbud i kommunen
Kva er psykisk helse?
helsenorge.no - psykisk helse -
Lover og forskrifter
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå blant anna helse- og omsorgstenestelova § 3-2.
Lover
Helse- og omsorgstjenesteloven
Helsepersonelloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Forskrifter
Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator
Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer for deg, må vedkommande ha fullmakt.
Skjema
Vedlegg
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
Søknadsfrist
-
Saksbehandling
Saksbehandling
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.
Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.
Du kan også klage til statsforvaltaren i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta.Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882. -
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2019-09-01 19:56
- Gyldig fra
- 2011-06-29