Heimesjukepleie
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Heimesjukepleien gjev pleie og omsorg til sjuke og funksjonshemma i eigen heim. Slik reduserast behovet for ein sjukeheimsplass. Tenesta kan til eksempel inkludere sårbehandling, personleg stell og medikamenthandtering.
Kriterium/vilkår
Det er behovet ditt som avgjer om du vil kunne få tenesta.
Pris for tenesta
Tenesta er gratis.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Hjemmesykepleie og andre helsetjenester i hjemmet
Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten
Hjelpetilbud i kommunen -
Lover og forskrifter
Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta. Sjå helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 og 3-2. Sjå òg pasient- og brukarrettslova kapittel 7.
Lover
Helse- og omsorgstjenesteloven
Helsepersonelloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Forskrifter
Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator
Kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene
Verdighetsgarantiforskriften -
Skjema
Skjema
Vedlegg
Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er ein annan som søkjer for deg.
-
Saksbehandling
Saksbehandling
Kommunen skal innhente nødvendige opplysningar for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving saman med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du blir misnøgd med vedtaket. Om grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.
Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.
Du kan òg klage til fylkesmannen i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta.Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.Merknader
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2019-08-29 21:14
- Gyldig fra
- 2011-04-19