Helsetenestetilbod til flyktningar og asylsøkjarar
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Helsetilbodet baserer seg spesielt på at nokre asylsøkjarar, flyktningar og gjenforeinte med familie kjem frå område der det er høg risiko for bestemde infeksjonssjukdomar eller dei treng spesiell merksemd på grunn av det dei har opplevt før dei kom til Noreg.Helsetenester som denne gruppa skal få på lik linje som alle andre er blant anna:- fastlege
- helsestasjon
- skulehelseteneste
- tannhelseteneste
- undersøking av syn og høyrsel
- oppfølging av gravide
- kosthaldsrettleiing
- psykisk helsehjelp.
Målgruppe
Asylsøkjarar, flyktningar og gjenforeinte med familie.
Kriterium/vilkår
For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald. For personar over 18 år som har ulovleg opphald, gjev lova berre rett til akutt helsehjelp.
Pris for tenesta
Tenestene er gratis, med mindre det følgjer av lov eller forskrift at ein skal betale eit vederlag.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
Dette er lovpålagde tenester. Sjå:
Helse- og omsorgstjenestelova kap. 3 - Kommunenes ansvar for helse- og omsorgstjenesterPasient- og brukerrettighetslova § 2-1b Rett til nødvendig helsehjelp fra spesialisthelsetjenestenLover
Helse- og omsorgstjenesteloven
Helsepersonelloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Forskrifter
Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Forskrift om sosiale tjenester, bopelsløse -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Kommunen vil sjølv sørgje for at flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte får tilbod om helse- og omsorgstenester i primær- og spesialisthelsetenesta.
-
Saksbehandling
Klagemulighet
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.
Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2019-08-29 21:18
- Gyldig fra
- 2011-04-19