Tenesteomtale
Du kan søkje kommunen om tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Føremålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift.
Tilskot kan gå til
-
prosjektplanlegging
-
tiltak som varetek natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet
-
tiltak som hjelper til å hindre eller redusere forureining.
Målgruppe
Føretak eller eigarar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom. Landbrukseigedommar som er eigde og blir drivne av stat, fylke eller kommune fell utanfor ordninga, med mindre tiltaket er eit fellestiltak der ein eller fleire landbrukseigedommar som har krav på tilskott, er med.
Kriterium/vilkår
Landbrukseigedomen må ha ein produksjon som er godkjent for tilskot.
-
Vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot (§§ 2, 3 eller 4) må vere oppfylt.
-
Vilkåra i forskrift om gjødselsplanlegging må vere oppfylt.
-
Det skal førast journal over plantevernmiddel som blir brukt.
-
Det må leggjast fram eit kart over dei disponible areala for jordbruk, men også areal med kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald eller miljøvern.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Samarbeidspartnarar
Kommunen disponerer ei årleg tilskottsramme frå statsforvaltaren.
aaa