Vaksine
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Helse- og omsorgstenesta tilbyr deg vaksinering mot smittsomme sjukdommar. Ta kontakt med fastlegen eller helsestasjonen. Det nasjonale vaksinasjonsprogrammet inneheld
- barnevaksinasjonar til alle barn i førskule- og grunnskulealder
- årleg sesonginfluensavaksinasjon til personar som er særleg utsette
- vaksinasjon mot pandemisk influensa
- vaksinasjon mot covid-19
- andre vaksinar til visse risikogrupper (t.d. pneumokokkvaksine, hepatittvaksine, BCG)
Målgruppe
Personar som bur eller har mellombels tilhald i kommunen
Kriterium/vilkår
Nasjonalt folkehelseinstitutt fastset kva for personar som er i risikogruppene og som skal få tilbod om sesonginfluensavaksinasjon. Ved pandemisk influensa tilbyr kommunen vaksinering etter retningsliner frå Nasjonalt folkehelseinstitutt.
Pris for tenesta
Barnevaksinasjon og vaksinasjon mot covid-19 er gratis. Elles betaler du ein eigendel.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Barnevaksinasjon
Om vaksiner (helsenorge.no)
Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten -
Lover og forskrifter
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå
helse- og omsorgstenestelova § 1-1 og § 3-1
smittevernlova kapittel 3Lover
Helse- og omsorgstjenesteloven
Smittevernloven
Forskrifter
Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram - Skjema
-
Saksbehandling
Klagemulighet
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2019-09-01 20:40
- Gyldig fra
- 2011-10-18