Meldeplikt for verksemder som kan påverke helsa
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
For å sikre befolkninga mot faktorar i miljøet som kan verke negativt inn på helsa, har visse typar verksemder meldeplikt til kommunen før oppstart og ved vesentlege utvidingar eller endringar. Meldinga bør innehalde ei kortfatta oversikt over positive og negative miljøforhold som kan verke inn på helsa. Desse har meldeplikt:- asylmottak
- hospits
- campingplassar og liknande
- undervisningslokale og andre forsamlingslokale
- verksemder som slepp ut avløpsvatn
- verksemder som har kjøletårn og liknande innretningar
- badeanlegg, inkludert boblebad, som er tilgjengeleg for allmenta
- frisør- og hudpleieverksemder
Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
Styresmakta til kommunen er lovpålagd. Sjå spesielt folkehelseloven § 10 - Meldeplikt og godkjenning og kap. 3 - Miljørettet helsevern
Lover
Folkehelseloven
Forvaltningsloven
Forskrifter
Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstu
Forskrift om hygienekrav for frisørvirksomhet m.v.
Forskrift om miljørettet helsevern - Skjema
-
Saksbehandling
Saksbehandling
Når du sender melding, inneber ikkje det at kommunen gjer eit vedtak. Men dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn. Det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit pålegg.
Klagemulighet
Du kan klage på vedtak om pålegg innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2019-09-01 18:40
- Gyldig fra
- 2011-06-29