Eksempel på slike tiltak
- Bygge nye bygningar, konstruksjonar eller anlegg, eller større tilbygg, påbygg eller underbygg til desse
- Vesentlege endringar eller vesentlege reparasjonar av eksisterande bygningar, konstruksjonar eller anlegg
- Fasadeendringar
- Bruksendringar eller vesentleg utvidelse av/vesentleg endring av tidlegare drift av bygningar, konstruksjonar eller anlegg
- Riving av bygningar, konstruksjonar eller anlegg
- Oppføring, endring eller reparasjon av bygningstekniske installasjonar
- Oppdeiling eller samanføying av brukseiningar i bustadar, samt ana ombygging
- Oppføring av innhegning mot veg
- Plassering av skilt- og reklmaeinnretningar
- Plassering av midlertidige bygningar, konstruksjonar eller anlegg
- Større terrenginngrep, og anlegg av vegar og parkerings-/landingsplassar
Sjå Plan -og bygningslova (PBL) § 20-1 og byggesaksforskrifta (SAK10) kap.2 for utfyllande informasjon.
Søknad
Søknadsskjema for tillatelse til tiltak (blankett 5174) samt alle andre nødvendige vedlegg (sjå liste i søknadsskjemaet) kan du finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet.
- Opplysningar om ytre rammer og bygningsspesifikasjon (blankett 5175).
- Bustadspesifikasjon i matrikkelen dersom tiltaket omfattar bustader (blankett 5176).
- Skjema for nabovarsel (blankett 5155 og 5156). Blankett 5154 skal sendast til naboar.
- Situasjonskart i målestokk 1:500 evt. 1:1000 der tiltaket er innteikna.
- Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar i målestokk 1:100 evt. 1:50 (gamal og nye).
- Dersom tiltaket er avhengig av dispensasjon/uttale/vedtak frå anna myndigheit (som Statens vegvesen, landbruk, Arbeidstilsynet), bør denne vere avklart på førehand.
- Ved bygging over 300 m2, endring/reparasjon over 100 m2, eller riving over 100 m2 skal det utarbeidast avfallsplan/evt. miljøsaneringsomtale.
- Erklæring om ansvarsrett (SØK, PRO, UTF, KTR), evt. søknad om ansvarsrett for sjølvbyggjar. Føretak med sentral godkjenning sender inn kopi av godkjenninga.
- Signera gjennomføringsplan med oversikt over ansvarsområde inndelt i godkjenningsområde og etter tiltaksklasser, kontrollområder, ansvarlege føretak og gjennomføring av oppgåvene.