Nabovarsel - byggjesak
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Skal du byggje, rive eller endre, må du sannsynlegvis sende nabovarsel. Naboane skal få høve til å kome med merknader eller protestar før bygginga startar, og derfor må nabovarselet innehalde mykje av den same informasjonen som byggjesøknaden.Du treng ikkje varsle naboane om innvendige fysiske arbeid eller når arbeidet i liten grad gjeld interessene til naboar og tverrbuarar. Du kan også sleppe å nabovarsle dersom du skal byggje på ein eigedom der det er stor avstand til naboane, eller du skal setje opp ein mindre bygning som naboen ikkje kan sjå frå eigedomen sin. Du treng heller ikkje å nabovarsle dersom det du skal gjere er unnateke søknadsplikt.Målgruppe
Tiltakshavar (byggherre) eller firma (ansvarleg søkjar)
Kriterium/vilkår
- Du må sende nabovarsel til alle som blir treft av byggjeplanane dine.
- Du må få kvittering frå alle naboane på at dei har motteke varselet.
- Du må gi naboane ein svarfrist på minst 2 veker.
- Dersom det går meir enn eitt år frå du sende nabovarsel til du sender søknad til kommunen, må du sende ut nytt nabovarsel.
-
Lover og forskrifter
SjåPlan- og bygningsloven § 21-3 NabovarselByggesaksforskriften § 5-2 Varsel til naboer og gjenboere
Lover
Plan- og bygningsloven
Forskrifter
Byggesaksforskriften (SAK 10) - Skjema
- Saksbehandling
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2019-09-01 18:49