Straumsparing på gateljos
Frå i kveld, tysdag 18.10.22, vil Seljord kommune teste ut straumsparing på gateljosa langs Nordbygdivegen. Ljosa blir slått av kl 01.00 og på att kl 06.00.
Vi skal teste dette ut over ein periode framover for å måle effekten av tiltaket ved sparte utgifter til straum. Dersom det viser seg at det er noko å hente på tiltaket, vil ein vurdere om det kan vere aktuelt og for andre strekningar.