Seljord kommune har vedtatt felles klimaplan for Vest-Telemark og klimabudsjett for perioden 2023 - 2026.
Dei menneskeskapte klimaendringane vil føre til alvorlege og irreversible konsekvensar for dyr, natur og menneske over heile kloden. Endringane skjer allereie. Dei er synlege i Noreg. Me må førebu samfunnet og tilpasse oss eit klima i endring.
Kampen mot klimaendringane krev at me saman handlar kraftfullt for å kutte utsleppa av klimagassar i ein global dugnad.
(Sitat: Regjeringas klimaplan. Meld. St. 13 (2020–2021)
Kommunane i Noreg har eit ansvar for å gjennomføre tiltak som gje redusering i kommunens klimagassutslepp. Tiltaka skal skje i eigen drift og kommunen skal motivere verksemder og innbyggjerar til å gjennomføre eigne tiltak.
Eit viktig tiltak er det felles arbeidet i Vest Telemark om ein felles klimaplan. Det betyr at ein kan tenke samla tiltak innafor regionen og ikkje bare i den enkelte kommune. Kommunestyret i Seljord kommune vedtok 20.juni 2022, ein felles klimaplan for kommunane i Vest-Telemark. Det betyr at vedtaket forpliktar kommunen til å fylgje opp klimaplanen og målsettinga i planen.
Felles klimaplan for Vest-Telemark kan ein laste ned her.
Tiltak
Seljord kommune jobbar kontinuerleg med å redusere vårt straumforbruk, vi har lenge jobba med energieffektivisering og energistyring. Dei siste par åra har vi gjort fleire tiltak, vi har:
Bytta ut gateljos på Brøløsvegen til meir energieffektive og betre ljos.
Etablert energibrønn på det største målepunktet til kommunen som dekker Tussejuv barnehage, Seljord barne- og ungdomsskule og symjehallen. Dette er nyleg sett i verk så vi har ikkje konkrete tall på reduksjonen i straumforbruket her enda.
På nye Flatdal skule er det etablert solceller og energistyring, sjølv om arealet er større en på den gamle skulen ser vi stor effekt. Straumforbruket på gamle Flatdal skule i januar, februar og mars 2022 var 66 137,70 kWh. For tilsvarande månader i 2024 for nye Flatdal skule var forbruket 22 182,40 kWh, dvs. 43 955,30 kWh lågare.
Vi har eit mål i økonomiplanen om å redusere straumforbruket vårt med 7,5 % i økonomiplanperioden. Ein reduksjon på 7,5 % frå 2023 utgjer 357 354,26 kWh og svarar om lag til straumforbruket til 15 - 16 bustader, eller om lag 28 % av samla straumforbruk på det store målepunktet som omfattar Seljord barne- og ungdomsskule, symjehallen og Tussejuv barnehage som i 2023 brukte 1 283 547,84 kWh.
Framover skal vi jobbe med å bytte til meir energieffektive ljoskjelder, fortsette med å bytte ut gateljos og energieffektivisering av utleigebustader. Utvidinga av reinseanlegget er planlagt med solceller.
Les meir
Har du innspel til vårt arbeid med klima og miljø, send e-post til post@seljord.kommune.no