Returordningar for avfall
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Det finst ulike returordningar for ulike typar av avfall som skal brukast om att. Kommunen har plikt til å ta imot visse typar avfall. Det gjeld òg produsent eller forhandlar.
-
Kasserte elektroniske og elektriske produkt (EE-avfall, inkluderer kuldemøbel)
Kommunen skal sørgje for at det finst eit dekkjande tilbod for mottak av EE-avfall. Du kan òg levere EE-avfall til ein forhandlar. For hushalda er dette gratis. Leverer du næringsavfall til ein forhandlar, vil det ikkje koste noko dersom du samstundes kjøper ei tilsvarande mengd EE-produkt. -
Miljøskadelege batteri
Du kan levere batteria gratis i retur til forhandlaren når dei blir kasserte. Plikta er avgrensa til den kategorien batteri som forhandlaren sel. -
Kasserte dekk
Forhandlaren har plikt til å ta kasserte dekk gratis i retur. -
Flasker og boksar (emballasje til drikkevarer)
Utsalsstader har plikt til å ta imot ei rimeleg mengd returar av tomemballasje som går inn i ei panteordning og som dei sjølve forhandlar. Du kan krevje å få pantesummen utbetalt kontant -
PCB-haldige isolerglasruter
Isolerglasruter produserte fram til 1980 kan innehalde PCB og skal leverast inn som farleg avfall. Hushald kan levere PCB-ruter gratis til kommunalt avfallsmottak. Kommunen har plikt til å ta imot inntil 500 kg PCB-ruter per år per avfallseigar. - Mindre fritidsbåtar Båtar utan innanbordsmotor som ikkje er større enn 15 fot kan leverast vederlagsfritt til kommunen.
Målgruppe
Hushald og verksemder
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Kasserte elektroniske og elektriske produkt (EE-avfall, inkluderer kuldemøbel)
-
Lover og forskrifter
Kommunen er pliktig til å ta imot visse typar avfall. Sjå blant anna
Forureiningslova kapittel 5Avfallsforskrifta kapittel 1, 2, 3, 5 og 14.Lover
Forurensningsloven
Forskrifter
Avfallsforskriften - Skjema
- Saksbehandling
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2019-09-01 20:03