Reguleringsplan - rett til å fremje forslag
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Dersom du ønskjer å utvikle eit område eller ein eigedom, og kommunen ikkje allereie har ein plan for det området, har du rett til å fremje ditt eige forslag om regulering. Det blir kalla ei detaljregulering og må vere utarbeidt av fagkyndige. Planen gir grunnlag for å avklare kva byggjetiltak som kan gjennomførast i planområdet. Større byggjetiltak kan i hovudsak ikkje gjennomførast utan reguleringsplan.
Målgruppe
Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre styresmakter.
Kriterium/vilkår
Ein privat reguleringsplan må vere utarbeidt av fagkyndige.
Pris for tenesta
Kommunen kan krevje gebyr for private planforslag. Men kommunen har ein frist på seg for behandling av forslaget. Fristen er på 12 veker. Kommunen må tilbakebetale delar av gebyret ved lengre saksbehandlingstid enn 12 veker.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesieltplan- og bygningslova §§ 4-1, 4-2, 4-3, 5-1, 12-8, 12-9, 12-10 og 12-11forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter pbl.
Lover
Plan- og bygningsloven
Forskrifter
Forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter pbl
Forskrift om konsekvensutredninger
Kart- og planforskriften
Retningslinjer
Barn og unge og planlegging etter plan- og bygningsloven
Lovkommentar til plandelen i plan- og bygningslov -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Ein reguleringsplanprosess består av desse hovudtrinna:- Sende planinitiativet til kommunen saman med førespurnad om oppstartsmøte.
- Kunngjere i avis e.l. om at planarbeidet blir starta.
- Kommunen held oppstartsmøte.
- Periode med eventuelle konsekvensutgreiingar, risikoanalysar og høyringar.
- Endeleg planforslag blir sendt til kommunen.
- Kommunen behandlar planforslaget og fattar vedtak innan 12 veker frå dei mottok det.
-
Saksbehandling
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle forslaget innan 12 veker. Fristen begynner å springe når kommunen har motteke forslaget. Dersom planen ikkje oppfyller alle krava, og kommunen må etterspørje meir informasjon, vert fristen brote, og fortset igjen når kommunen har fått den etterspurte informasjonen.Behandlingstida blir avslutta når kommunen sender planen vidare til offentleg ettersyn.Klagemulighet
Dersom kommunen stoppar planforslaget i oppstartsfasen, kan du krevje behandling av forslaget i kommunestyret.Dersom kommunen avslår det endelege forslaget i vedtak, og du meiner at det er grunnlaust, kan du krevje behandling av forslaget i kommunestyret. -
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2021-08-12 14:40