Miljøinformasjon
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Miljøinformasjonslova gir kommunen plikt til å svare deg på spørsmål du har om miljøet i kommunen din.Du kan for eksempel spørje om miljøinformasjon i samanheng med ei utbygging som kommunen gjer. Eller du kan få informasjon om risikoen for flaum der du bur. Miljøinformasjon kan vere:- tiltak som er i gang
- vedtak og planar
- analysar av produkt som kommunen har eller brukar og som gjeld helse- og miljøverknader.
Målgruppe
Alle som ønskjer å få slik informasjon, både privatpersonar, frivillige organisasjonar og næringsliv.
Kriterium/vilkår
Det finst nokre tilfelle der du ikkje kan få informasjonen du spør om:- når ei sak ikkje er ferdig behandla i kommunen og informasjonen du spør om berre finst i interne arbeidsdokument
- taushetspliktig informasjon, for eksempel forretningsløyndomar.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
Dette er ei lovpålagd plikt for kommunen. Sjå miljøinformasjonslova § 5 og kapittel 3.Sjå også offentleglova §§ 13, 14, 15 og 16.
Lover
Forvaltningsloven
Miljøinformasjonsloven
Offentleglova
Produktkontrolloven
Forskrifter
Forskrift om Klagenemnda for miljøinformasjon - Skjema
-
Saksbehandling
Saksbehandlingstid
Du skal få svar snarast råd og seinast innan 15 verkedagar etter at kravet er teke imot. Dersom dette ikkje er mogleg fordi forholdet er komplisert og/eller informasjonen som det blir spurt etter er for omfattande, skal du innan den samme fristen få melding om når du kan vente svar, og da seinast innan to månader.
Klagemulighet
Dersom du får avslag på kravet om informasjon, kan du klage innan tre veker etter at du tok imot avslaget. Får du ikkje svar innan to månader, kan du òg klage. Er du usikker på kvifor du har fått avslag, kan du krevje ei nærare grunngjeving av dei vurderingane som ligg til grunn for avslaget. Dette må meldast innan tre veker etter at du fekk avslaget. Du skal ha svar innan ti dagar. Dersom du har bede om ei nærare grunngjeving for avslaget, stoppar klagefristen til du har fått grunngjevinga. Klagen sender du til det organet som har gjeve avslaget. Deretter vidaresendast klagen til næraste overordna organ dersom organet sjølv ikkje tar klagen til følgje. For kommunen sin del er dette statsforvaltaren.
Du kan også klage til Sivilombudsmannen.
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2019-09-01 18:43