Uveret Gyda er på veg mot vår region, og det er varsla sterk vind. Hovudtyngda av dette ekstremveret (den ekstreme nedbøren) ligg ikkje an til å vedgå oss, men det er varsla om kraftige vindkast og full storm i fjellet.
Straumforsyning kan bli påverka som fylgje av tre som knekk eller kjem over straumnettet og enkelte vegar kan bli stengt grunna tre eller andre objekt i vegbanen.
Frå hendinga før jol har me erfaring med at den kraftige vinden kan gje oss store utfordringar. Det vil difor vera viktig å sikre lause gjenstandar og unngå unødig ferdsel på utsatte stader. Vi rår dykk difor til å lade opp mobiltelefon og sikringsradio for dei som har det.
Igjen kan Åmotsdal bli særleg utsett. Dersom innbyggarar opplever nettutfall og treng å kome i kontakt med hjelpeapparatet, kan dei dra til Steinmoen Bu- og servicesenter i Åmotsdalsvegen 1216. Der er det nødnett og sikringsradio utplassert.
Fylg med på vervarselet på varsom.no