Økonomisk sosialhjelp
-
Generelt om tjenesten
Kriterium/vilkår
Vi vil vurdere dei faktiske behova du har. Økonomisk sosialhjelp er ein rett som i utgangspunktet blir gjeve utan vilkår, men alle under 30 år må gjennomføre visse aktivitetar som er avtalte med kommunen. Du kan òg bli beden om å dokumentere kva andre utvegar du har prøvd:
- Om du har søkt om bustønad
- Om du har brukt rettane dine til eventuelle trygdeordningar
- Om du har kontakt med Nav og tek imot tilbod om arbeid eller kurs
-
Lover og forskrifter
Dette er ei lovpålagd teneste.
Lover
Forvaltningsloven
Sosialtjenesteloven
Retningslinjer
Rundskriv A-3/2023 Statlege rettleiande retningslinjer for økonomisk stønad for 2023 - Skjema
-
Saksbehandling
Saksbehandling
Nav-kontoret skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til Nav før klagefristen for vedtaket går ut.
Saksbehandlingstid
Søknader blir behandla så raskt som mogleg. Men det kan hende at behandlinga blir forseinka dersom du ikkje kan dokumentere den situasjonen du skildrar i søknaden. Da må saksbehandlaren eventuelt kontakte deg for å be om fleire opplysningar.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Nav innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til Nav. Dersom Nav lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2019-09-01 20:46