Incestsenter
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Du kan ta direkte kontakt med eit incestsenter. Dei tilsette har teieplikt og tilbodet er gratis. Incestsenteret gjev tilbod til vaksne og ungdommar som har vore utsette for incest og seksuelle overgrep som born. Også føresette og eventuelle partnarar kan vende seg til incestsenteret. Incestsenteret driv òg førebyggjande arbeid gjennom undervisning og informasjonsarbeid.
Tilbodet til incestsenteret omfattar m.a.:
- Einesamtalar
- Trening i å byggje relasjonar til andre menneske
- Sjølvhjelpsgrupper der ein arbeider seg gjennom kjensler saman med andre. Brukarane hjelper kvarandre i prosessane - både med å kome ut av fastlåste mønster og å ta ansvar for eige liv
Målgruppe
- Personar som har vore utsette for incest og seksuelle overgrep
- Foreldre og pårørande til born som utsetjast for overgrep
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Finn nærmeste incestsenter
Nok - Sentre mot incest og seksuelle overgrepSamarbeidspartnarar
Det blir gjeve statleg og kommunalt tilskott til drift av incestsenteret. Incestsenter er ikkje ein del av den ordinære verksemda i kommunen, men det er kommunen som søkjer om statstilskott og godkjenner budsjettet til incestsenteret.
-
Lover og forskrifter
Denne tenesta er ikkje lovpålagd.
- Skjema
- Saksbehandling
-
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2019-08-29 21:20
- Gyldig fra
- 2011-04-19