Seljord kommune gler seg til at 90 000 besøkande, 2000 frivillige og 800 utstillarar inntek Dyrsku'plassen igjen.
Du finn all informasjon om opningstider, billettar, program, kart, korleis kome hit, utstillarar, parkering, m.m. på Dyrsku'n sine nettsider.
Dyrsku'n har ein eigen app som kan vere lur å laste ned, dei har og eigen Facebookside
Dyrsku'n 2022, 9.-11.september.
Vi nærmar oss årets folkefest, endeleg er Dyrsku'n klar for å opne dørene att etter 2 års pause. Fredag 9.september braker det laus att.
Seljord kommune ynskjer alle ein flott Dyrsku'!