Vi er på jakt etter det som har du lyst til å bli støttekontakt nokre timar i veka?
Tenestekontoret ynskjer å koma i kontakt med personar som kunne tenke seg å vera støttekontakt for barn, unge, vaksne og eldre på dag/ettermiddag/kveld.
Som støttekontakt er det mogleg for deg å hjelpe eit anna menneske til å få eit meir sosialt liv og ei aktiv fritid nokre timar i veka, og samstundes få positive opplevingar sjølv. Du vil få naudsynt rettleiing og oppfylging i utføring av oppdraget.
Ved interesse kan du ta kontakt med tenestekontoret på telefon 90 22 21 04.