Alle andre elevar og tilsette møter som vanleg på skulen.
Det er ikkje naudsynt for elevar i ventekarantene å teste seg, men dersom ein utviklar symptom på Covid-19 må ein kontakte helsesenteret for testing.
Det vil bli sendt ut meir informasjon på Visma når testresultatet til den tilsette er klart. Det er difor viktig å fylgje med på Visma i løpet av helga.
Familien til elevar i ventekarantene kan møte på skule og arbeid som vanleg.
Elevane i 8a, 10a og 10b får digital undervisning på Teams og eventuelle spørsmål kan rettast til kontaktlærar på trinnet.
Viktig melding til elevar og føresette ved Seljord barne- og ungdomskule 25.3.2021
Seljord barne- og ungdomskule har fått melding om at ein tilsett ved skulen er nærkontakt av person med Covid-19. Den tilsette har vore i ventekarantene onsdag og torsdag denne veka grunna smitteutbrotet i Midt-Telemark kommune.
I samråd med kommunelegen i Seljord er det bestemt at klassar og tilsette som har hatt kontakt med den aktuelle læraren måndag og tysdag skal i «ventekarantene» fredag 26.3.2021 og fram til prøvesvar for den tilsette ligg føre. Ventekarantene gjeld for elevane i 8a, 10a og 10b.