Generelle retningsliner for besøk:
- Alle besøk skal avklarast med avdelinga i forkant. Ring avdelinga på førehand. Når de kjem skal de ringe på dørklokka på utsida av hovudinngang, og vente til personalet kjem.
- Me har siesta kl. 14.00-16.00.
- Dei tilsette lagar ein besøksplan som er ei oversikt over når besøk kan takast imot. Pårørande må «booke» besøk.
- Alle besøkande blir ført inn i besøksprotokollen. Dette er for at institusjonen skal ha oversikt over kven som til ei kvar tid har vore på besøk (dette er viktig for eventuell smitteoppsporing).
- Alle besøkande må svare på spørsmål om Covid-19. Besøkande med luftvegssymptom eller bekrefta covid-19-smitte, samt dei som er definert som nærkontakt til smitta eller i karantene etter utanlandsreise, skal ikkje besøke institusjonen.
- Dersom besøkande blir sjuke innan 48 t etter at dei har vore på besøk på NPOS må institusjonen kontaktas slik at smitteverntiltak kan iverksettjas så snart som råd.
- Generelle smittevernrutiner ved alle besøk:
- Håndhygiene rett før og etter besøk.
- Det skal ikkje førekome fysisk kontakt mellom besøkande og bebuar.
- Besøkande må halde minst 1 meters avstand til bebuar og tilsett.
- Besøk innadørs skal foregå på pasientrom eller besøksrom. Besøkande kan ikkje opphalde seg i fellesareal.
- Dersom ein er sjuk, skal ein ikkje kome på besøk.
- Besøkande frå område med mykje smitte må bruke munnbind som dei får utdela av tilsette på NPOS.
- Vi legg til rette for individuelle tilpassingar i høve til besøk ved alvorleg sjukdom/terminal pleie, slik at pårørande kan vere hjå sine næraste i livets sluttfase.
Med helsing
Nesbukti pleie- og omsorgssenter