Alle råd frå Styresmaktene våre tilseier at det er trygt å vere i barnehage. Barn og unge har så langt vist å ha særs låg risiko for alvorleg sjukdom med koronavirus. Risikoen er lågare enn for andre luftvegssjukdomar som barn kan bli ramma av, t.d. influensa og RS-virus.
Styresmaktene våre har laga ei god rettleiing for korleis vi skal rigge barnehagane for den endra situasjonen vi står i. Barnehagane våre samarbeider godt om å lage gode felles rutinar for arbeidet med barna, med hygiene og smittevern.
- Barnehagen blir open frå kl. 8.00 - 15.00. Det blir kortare dag for å klare å fylgje retningslinene om små og faste grupper med barn og vaksne
- Vi kjem ikkje til å servere mat i barnehagen. Alle må ha med niste og vann flaske. Me serverer mjølk. Kostpengar blir redusert
- Kommuneoverlege og reinhaldsleiar har kursa alle tilsette i smittevern og hygiene. Vi følgjer nasjonale retningsliner for smittevern og hygiene.
For å avgrense smitte har vi no sett i gang ei rekkje tiltak i barnehagen. I perioden framover vil vi vere ekstra nøye med å tryggje godt smittevern. Dette avheng av at vi alle gjer ein innsats og følgjer dei nye råda. I barnehagen vil vi vere spesielt opptekne av å:
- vaske hender og følgje opp borna slik at dei lærer gode rutinar for handvask
- ha godt reinhald i barnehagen
- vaske leiker jamnleg
- vere ekstra mykje ute med barna i tida framover
- ha mindre grupper av barn som er saman med faste tilsette
Vi skal framleis ta vare på barna sine behov for fysisk omsorg og sørgje for at alle barn opplever tryggleik, å høyre til og trivsel i barnehagen.
Nasjonale føringar:
- Foreldre skal helst ikkje bli med inn i barnehagen
- Vi prøver så langt det let seg gjere å ta imot barna ute. Barn bør ha uteklede når dei kjem i barnehagen
- Barna skal ikkje ta med eigne leiker heimanfrå. Viss barnet ditt har ein eigen kosebamse for å sove, kan de ta med denne. Men det er ekstra viktig at han ikkje vert delt med andre barn i barnehagen
- Handvask er like viktig heime som i barnehagen. Vask hendene før de kjem i barnehagen, og med ein gong de kjem heim. Fint om føresette kan øve på grundig handvask før barna kjem i barnehagen
Når skal barna ikkje kome i barnehagen:
- Har barnet ditt symptom på sjukdom, også milde symptom, skal dei ikkje kome i barnehagen
- Det er ekstra viktig no at barna er heime i minst 1 døgn etter at dei har blitt symptomfrie
- Foreldre som har luftvegssymptom, skal ikkje følgje eller hente barn i barnehagen
- Har foreldre eller nokon andre i husstanden fått påvist sjukdom med koronavirus, skal barnet heller ikkje kome i barnehagen
- Viss barnet blir dårleg i barnehagen, må de hente barnet så fort det let seg gjere
Barnehagane vil sende ut meir detaljert informasjon etter kvart om oppstart av barehagane via MyKid.
Velkomen til barnehageoppstart!