Varsel om oppstart av forhandlingar - utbyggingsavtale Nordbygdi industriområde
Seljord kommune kunngjer med dette at det ein j.f . PBL § 17- 4 startar opp forhandlingar om utbyggingsavtale med aktørar som ynskjer utvikling av nærings- og industriområdet/areal som er omfatta av detaljregulering for Nordbygdi. Seljord kommune sender ut varsel til alle som er registrert som eigar av eigedom innanfor planområdet.
Innspel eller forslag/merknad kan sendast til post@seljord.kommune.no
Ein legg til grunn at forhandlingane vil starte opp kring medio oktober 2020.
Føremålet med avtala er å avklare fordeling av kostnad knytt til opparbeiding og vedlikehald av naudsynt infrastruktur, derav ny avkjørsle frå E 134, bru over Bygdaråi, internvegar samt framføring av ny hovudleidning for vatn og avløp.
Med venleg helsing
Frid Elisabeth Berge
Konstituert rådmann
Seljord kommune
frid.berge@seljord.kommune.no