Kven som kan søke, kriterium, satsingsområde, lenke til søknadsskjema og all anna nødvendig informasjon finn du her.
Vi har 46 Utvalde kulturlandskap i Noreg. Eitt av desse er Hjartdal og Svartdal i Vestfold og Telemark. Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å bidra til å sikre verdiar knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, og med dette sikre langsiktig skjøtsel og drift, jf. § 1 i forskrifta. Alle som har eigedom og interesser innanfor avgrensinga t.d. grunneigarar, drivarar, hytteeigarar, lag og organisasjonar som medverkar til å nå måla i forvaltingsplanen og eventuelle skjøtselsplanar, kan søkje. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar eller andre rettshavarar.