Kommunestyret vedtar å bygge ut Flatdal skule med ombygging av dagens skulebygg og oppføring av tilbygg slik revidert planløysing viser, innafor ei økonomisk ramme på kr 33,5 mill. eks. mva.
Investeringa blir finansiert med eit låneopptak.
Energikrav til ombygging og tilbygg for forprosjektet blir vidareført.
Anbodsinnbyding for totalentreprise kan utarbeidast, i samsvar med Kommunestyrevedtak i utvalsak 79/21 den 07.10.21.