Gjeldande f.o.m. 12. mars 2020:
- Symjehallen i Seljord er stengt, gjeld for våren.
- Granvin kulturhus med Seljord bibliotek og Sterke-Nils senteret er stengt f.o.m. kl 14.00
- SFO og alle barnhagar i kommunen stenger etter ordinær opningstid i dag, torsdag 12.3.20,
- Skulane er stengt f.o.m. fredag 13.mars, i tråd med nasjonale rettningsliner. Vi skal oppretthalde eit fysisk barnehagetilbod og småskuletilbod til utvalgde nøkkelpersonar.
Vi kjem tilbake med informasjon om kven dette gjeld. - Vaksenopplæring og kulturskule er stengt.
Beredskapsleiinga har møte i dag kl 15.45, nærare informasjon kjem.
Nytt pr. 12.3.20 kl. 18.55:
- Kommunehuset blir stengt for besøkande. I fyrste omgang gjeld dette for dei komande to vekene. Publikum kjem inn etter avtale og finn elles telefonnummer og informasjon på heimesida.
- Sentralbordet er opent frå kl. 8-15.30 kvar dag i same periode
Informasjonsskriv frå Seljord kommune, pr. 12.03.20: Anbefaling til næringsliv, lag- og foreiningar og arrangørar Pr. kl 17.50
Informasjonsskriv frå Seljord kommune pr. 12.3.20 kl 18.00
----------
Situasjonen endrar seg raskt. Det som er rett i dag, kan bli endra på i morgon.
Alt skjer fort og vi klarar ikkje å halde alle oppdatert på alt til ein kvar tid. Vi oppmodar alle til å følgje med og oppdatera seg på utviklinga via:
- Folkehelseinstituttet, www.fhi.no
- Helse Noreg, www.helsenorge.no
- Sentrale mediehus i Noreg, for eksempel NRK