Etter anbefaling frå FHI kan kommunen no tilby oppfriskningsdose mot covid-19 til nokre fleire grupper. Bakgrunnen for å tilby oppfriskningsdose er at vaksinasjon beskyttar godt mot alvorleg covid-19, men beskyttelsen fell noko i løpet av nokon månader. Derfor anbefalar FHI oppfriskningsdose til grupper som kan vere spesielt utsatt for alvorleg sjukdom som følge av covid-19.
Vaksineringa foregår på Granvin kulturhus på ettermiddagen. Det er førebels sett opp to vaksinasjonsdagar, 26.9. og 5.10.22.
Gå inn på Remin.no - timebestilling og bestill deg time. Dersom du ikkje har anledning til å bestille elektronisk kan du ringe helsesenteret. For aldersgruppa 12-17 år må ein ringe Helsesenteret for time, dei kan ikkje bruke Remin.
Doseintervall, anbefalingar frå FHI:
FHI anbefalar at ein ventar 3-4 månadeer etter påvist koronainfeksjon før ein tek oppfriskningsdose. Dersom ein ønsker dose tidlegare kan ein få tilbod, men det er eit krav om at det har gått minimum 3 veker etter at ein har blitt frisk. Det bør gå 4 månader mellom forrige dose med koronavaksine og oppfriskningsdosa.
Du kan lese meir om kva for grupper som får tilbod om oppfriskingsdose på koronasidene våre under Vaksinasjon