Det har vore lite nedbør, mykje vind og sol den siste tida, og det er derfor stor lyng- og skogbrannfare i områda våre. Det nasjonale bålforbodet tredde i kraft 15. april, men alt no må alle som ferdast ute i skog og mark vere ekstra varsame med å tenne bål. Det har alt vore skogbrannar som følge av bålbrenning.
Generelle råd for bålbrenning i skog og mark:
- Respekter det nasjonale bålforbodet frå 15. april til 15. september
- Følg med på skogbrannvarselet og følg råda frå det lokale brannvesenet
- Bruk godkjende bålplassar dersom du skal brenne bål
- Tenk over kvar du plasserer bålet med tanke på anna brennbart materiale
- Ver OBS på vindretning og vindstyrke
- Unngå å brenne materiale som gjev gnistar
- Aldri forlat eit bål før du er sikker på at det er skikkeleg sløkt
- Du kan grille i eigen hage, men det skal ikkje vere til sjenanse for naboane
- Unngå å bruke eingongsgrill
Kjelde: Norsk brannvernforeining