Alt i alt har vi om lag 20 smitta dei siste to vekene. Vi opplever no å ha ein mykje betre oversikt over smittebiletet, men vil likevel gjennomføre ny testing av trinn der det er mest smitte neste veke. Blir du eller barnet ditt sjuk før neste testing, er det viktig å teste seg så raskt som mogleg.
Testar kan du hente på Seljord helsesenter mellom kl. 08.00-23.00 alle dagar.
Beredskapsleiinga vurderer at det ikkje er behov for ytterlegare tiltak i samband med Korona-utbrotet i Seljord, men vil minne alle om at du skal vere heime dersom du blir sjuk.
Det er ikkje grunn til å avlyse planlagde arrangement.
Kommuneoverlegen ynskjer å understreke at dette ikkje er ein uventa situasjon. Samfunnet har opna opp, og dei som er i fare for å bli alvorleg sjuke av korona har fått tilbod om vaksinasjon. Dei aller fleste av desse har takka ja. Det er også fint å sjå at elevane mellom 12-15 år har lite smitte. Dette betyr at vaksinen fungerer.
Beredskapsleiinga