Status koronasituasjonen i Seljord kommune 27.12.20
Seljord kommune fekk i går kveld, 26. desember, melding om at det er påvist covid-19 smitte hjå ein ny person i Seljord. Dette er ein "husstandsmedlem eller tilsvarande nær" av smittetilfellet frå laurdag 19.12. Den smitta personen har vore i karantene sidan 19.12 og er no i isolasjon.
Utifrå det kommunen no er kjent med er det framleis god kontroll på situasjonen, og me har ikkje noko pågåande smitteutbrot i kommunen, mykje takka vere gode smittevernsrutinar og bruk av munnbind.