Mandatet frå kommunestyret:

Skal ein vurdere vidare skulebygg i Flatdal  bør det opprettast eit forprosjekt som skal kartleggje og greie ut fleire alternativ knytt til eit langsiktig behov for skulebygg i Flatdal skulekrins. Det bør vere fokus på økonomi, og ein må difor greie ut alternative løysningar.

  1. alternativ - ei grundig vurdering av framtidig bruk av eksisterande bygningsmasse (skule, samfunnshus og barnehage)
  2. alternativ – nytt skulebygg Det må greiast ut kva innsparingar eit eventuelt nybygg gjev med tanke på ordinær drift inkl. straumforbruk, naudsynt vedlikehald og oppgradering i eit langsiktig perspektiv. Dersom ein går vidare med alternativ 2 bør ein i tråd med mål og strategi i Samfunnsdelen vurdere ulike konsept for bygningsmateriale, energistandard og energi- og oppvarmingskjelder. Eit konsept med tre og plusshus bør difor utgreiast i samband med alternativ 2. Det må som ein forlenging av alternativ 2 greiast ut ulike alternativ og plasseringar for bygget. Rådmann vil undersøke ulike finansieringsordningar og skaffe kompetanse gjennom ordningar som Bygg i tre, Klimasats, grøne lån i KLP osb. Det er eit mål at forprosjektet vil resultere i ein prosjektrapport som gir tydeleg og føreseieleg forslag til investeringar for økonomiplanperioden 2021- 2024. Forprosjektet fordrar at ein får til ein god og grundig involvering og dialog med brukarane av både skulebygg, samfunnshuset og barnehagen, inkludert lag og organisasjonar.

Prosjektet blir avslutta i kommunestyret den 17.6.2021 med presentasjon og tilråding frå rådmannen. Rapporten til prosjektleiar, fagrapportar, planteikningar og andre innspel vil bli lagt med som vedlegg til saka. Prosjektleiar vil også orientere kommunestyret om status for arbeidet i møte 29.4.2021. Vi minner difor om at ein kan fylgje kommunestyret sine møte via kommunen sine heimesider.

Status frå prosjektleiar:

  • Det er henta inn tilbod frå alle naudsynte fag og tenester som prosjektet er avhengig av for å realisere målet med forprosjektet. Basert på mottatte tilbod var det difor behov for å auke budsjettramma i prosjektet med 315.000,- eks. mva. Behovet for den auka budsjettramma er fordi forprosjektet er avhengig av eksterne tenester som arkitekt, rådgivande ingeniørar for bygningsmessige og tekniske fag, utarbeiding av klimagass-rekneskap, m.m. Det har òg pågått ein innkjøpsprosess som har sine krav til gjennomføring, dette er no ferdigstilt og det er inngått avtale med alle leverandørar.
  • Status i prosjektet er at vi er i full gang med synfaringar og grundig kartlegging av heile bygningsmassen med alle tekniske bygningsdelar. Dette må vurderast opp mot gjeldande behov og krav for å kunne løysast på beste bygningsmessige og økonomiske måte. Samstundes har vi hatt vidare møte og synfaringar med leiinga ved oppvekstsenteret, tillitsvalde, vernetenesta, tilsette og foreldrerepresentantar som alle har kome med gode og konstruktive innspel. Desse innspela tek vi med oss i prosjekteringa og utarbeidinga av det endelege teiknings- og prosjekteringsgrunnlaget som skal nyttast til den endelege økonomiske vurderinga av framtidig bruk av eksisterande bygningsmasse (skule, samfunnshus og barnehage).
  • Det blir no arbeidd med klimasgassreknskapet på eksisterande bygningsmasse, der effektmålet er å få utarbeidd tilstrekkeleg dokumentasjon for å kunne søkje og forhåpentlegvis få ENOVA-støtte for begge alternativa i forprosjektet.
  • Det er òg sendt inn ein god søknad om klimasatsmidler som vi håpar blir innvilga, dette vil gje eit positivt økonomisk bidrag i budsjettet.

Vegen vidare og folkemøte:
Prosjektleiar har så langt arbeidd med vurdering av eksisterande bygningsmasse. I dette arbeidet har leiinga ved oppvekstsenteret, tillitsvalde, vernetenesta, tilsette og foreldrerepresentantar fått informasjon og deltatt i arbeidsmøte med prosjektleiar.

I april vil ein også involvere andre interesserte for innspel og dialog. Det var tenkt eit folkemøte i Flatdal, men noverande smittevernssituasjon fører til at vi må gjennomføre dette i mindre grupper, med påmelding. Meir informasjon om dette kjem rett etter påske når vi veit meir om den nasjonale og lokale smittesituasjonen. Dersom det ikkje er mogleg med fysiske møte, så vil kommunen invitere til digitale møte. 

Det er utarbeidd ei tidslinje for å synleggjere framdrift og involvering i prosjektet. Denne tidslinja finn du her.

Vi er takksame for alle gode idear, tankar og meiningar om arbeidet.
nnspel kan sendast direkte til prosjektleiar Tommy Lauvstad på e-post tommy.lauvstad@seljord.kommune.no

 

Kommunalsjef Ronde Ingeberg Schade, Seljord 23.3.2021