Ein viktig del av din førebuing er at du veit korleis du blir varsla om ei krise og kvar du kan få meir informasjon. Ha ein plan for kven du kan be om hjelp og korleis du kan hjelpe andre.
Med kriser og ulukker er det viktig at du har tilgang på informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere.
Du vil finne meir informasjon på offentlege nettsider, nettaviser, radio, TV og sosiale medier. NRK har eit særskilt ansvar for å bringe offisielle meldingar frå styringsmaktene.
Du kan også velje å følge Politiet i Sør-Øst 110 på Twitter, som er raskt ute med viktig informasjon.
Vi legg ut informasjon på kommunens nettsider, Facebook og Twitter om kva som har skjedd, kva du bør gjere og korleis du kan få hjelp frå kommunen.
For å kunne motta råd og meldingar via beredskapskanalen NRK P1 bør du ha tilgang til ein DAB-radio som også er batteridreven.
Krisesituasjonar er uoversiktlege, og nokon kan ha eigeninteresser av å spreie feilinformasjon. Ver difor ekstra merksam på at du får informasjon frå pålitelege kjelder.
Beredskapslager heime
I denne lista ser du døme på ting du kan ha i huset for å klare deg i minst tre døgn:
-
Ni liter vatn per person
-
To pakker knekkebrød per person
-
Ei pakke havregryn per person
-
Tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
-
Tre boksar pålegg med lang lagringsevne per person
-
Nokre posar tørka frukt eller nøttar, kjeks og sjokolade
-
Medisinar du er avhengig av
-
Ved-, gas-, eller parafinomn til oppvarming
-
Grill eller kokeapparat som går på gas
-
Stearinljos, lommelykt med batteri, eller parafinlampe
-
Fyrstikker eller lighter
-
Varme klede, pledd og sovepose
-
Fyrstehjelpspakke
-
Batteridreven DAB-radio
-
Batteri, ladd batteribank og mobilladar til bilen
-
Våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
-
Tørke-/toalettpapir
-
Litt kontantar
-
Ekstra drivstoff og ved/gas/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging