Grunna mykje nedbør den siste tida, har vasstanden i Seljordsvatnet auka ein god del. Vi reknar med at vasstanden vil fortsette å stige dei næraste dagane. 
Det er difor viktig at innbyggarar og næring langs Seljordsvatnet sikrar lause gjenstandar for å minimere materielle skader. Har du bustad med kjellar i Seljord sentrum, bør du sjå til at der ikkje er ting og gjenstandar som kan bli skada ved vassinntrenging.

 

mvh Teknisk avdeling, Seljord kommune